Prosjektgjennomføring på Rainpower-vis

steinar_vike- Betre prosjekt-gjennomføring er ein nøkkel til å styrka vår konkurransekraft. Rainpower vil derfor i løpet av dei neste månadane vurdera og anbefala tiltak for å betra våre prosjektleveransar. Steinar Vike, som til vanleg arbeider innanfor småhydro-organisasjonen, leier dette arbeidet.

- Prosjektgruppa  ser på små og store tiltak for å betra prosjektgjennomføringa; dette er ein mogen disiplin, men det er all grunn til å sjå på alt frå prosjektmetodikk til konkrete tiltak som kunden vil merka med eit friskt blikk seier Vike.

- Rainpower består av sju operative dotterselskap, men vi skal opplevast som eitt selskap for kunden. Spesielt viktig er det å få til ei smidig kundegodkjenning av verkstadleveransar; dette ikkje minst når desse finn stad i fleire land og ofte over fleire kontinent.

- Vi er også opptekne av å setta i verk tiltak som kan betra våre internleveransar, og vi ser på verktøy for meir effektiv prosjektstyring, både med omsyn til lagring, deling og systematisering av prosjektinformasjon.  I løpet av hausten vil desse tiltaka for betre prosjektgjennomføring ta form og iverksettast, seier Steinar Vike.